:
dikt og prosalyriske tekstar
Sus bak graner
brus under fossar
klingande latter
lydar frå livet i fjerne tider
Ho fann ei klopp
sprang frå stein til stein
forsvann inn i skodda
attende i tida
Ei dotter. Ei mor. To liv bundne saman av ein kjærleik som aldri tek slutt.
I vakre, lyriske småtekstar og dikt skriv Christi Sjetne om dottera og eventyrjenta som ikkje greidde livet – og om sorga som vart att.
Korleis kan ein leve vidare etter å ha mista eit barn som har tatt livet sitt?
To liv er ei sterk og sår prosalyrisk bok om morskjærleik, botnlaust sakn og om å leite etter sin eigen veg når livet endrar seg for alltid.
…
Christi Sjetne har arbeidd som lærar i norsk og samfunnsfag i 40 år, både i ungdomsskolen og på vidaregåande skole. Ho har også spesialpedagogikk i fagkretsen.
Sjetne er representert med tekstar i ulike antologiar. I tillegg har ho gjeve ut dei sterke romanane Dag blir ikke dag og Skyggebarn.
Trykk: LaserTrykk.no
Papir: G-print 115 g
Fontar: Adobe Jenson Pro 12,5/16, Optima 11,5/16
Ombrekking og bokdesign: Sven Ohrvik
Illustrasjonar: Victoria Elise Sjetne
www.skriveakademiet.com
www.skrivekurs.no
© Skriveakademiet 2026
ISBN 978-82-93636-88-5