:
VVS – Verdens verste sommar
Alle andre skal på sommarferie.
Ella skal luke ugras og få ein veslebror.
Dette kjem til å bli verdens verste sommar!
Mens vennene er vekke, må Ella passe blomane i hagen til Kornelia.
Kornelia er på omsorgssenteret for å trene seg opp att etter ein operasjon.
Når Iris flyttar inn i huset til Kornelia, blir sommaren endå verre.
Ho er tanteungen til Kornelia, og dei vaksne seier ho er snill.
Men Ella synest Iris er skummel.
Det er noko som ikkje stemmer.
VVS – Verdens verste sommar – er ei spennande forteljing om hemmelegheiter, mot, og ein sommar Ella aldri kjem til å gløyme.
Jenny Ødven Snildal bur i Naustdal i Sunnfjord kommune. Ho har tidlegare gitt ut barneboka Det som tel på Skriveakademiets forlag. For den blei ho nominert til Bokslukarprisen. Ho har også gitt ut barnebøkene Bakanfor og Serafel. For den siste fekk ho Emmausprisen.
Trykk: LaserTrykk.no
Papir: 100 g Munken Cream, 1.5
Fonter: Sabon Lt Pro 12,5/17,5
Bokdesign og ombrekking: Sven Ohrvik
Forsideillustrasjon: Idé og konsept: Veslemøy Solberg,
grafiske elementer fra Shutterstock og Envato,
bearbeidet i Adobe Photoshop av Sven Ohrvik
Baksidefoto: Privat
© Skriveakademiet 2026
ISBN 978-82-93636-78-6