:
Back to products

Fotball eller livet

Kor godt kjenner vi vennene våre?
Deler vi alt med dei som står oss nærast?
Og kven bestemmer kva som er sant?

I novellesamlinga Fotball eller livet møter vi menneske knytte til eit fotballag for jenter som går siste året på ung­domsskulen. Dei er mykje saman, både på og utanfor banen. Men likevel skjuler dei ting for kvarandre. 

Novellene tek opp ulike tema – frå det å vere skeiv og redd for at andre skal få vite – til mobbing og trakassering, alkoholisme, falske skuldingar, upassande forhold, svik og død. 

Boka inneheld åtte noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Men dersom ein les alle tekstane krono­logisk, finst her òg ei overordna historie. Som tittelen seier, handlar dette litt om fotball, men aller mest om livet.

Tone Nilsen-Bie bur i Alta og er forfattar og dramatikar. Ho har tidlegare gitt ut to bøker for ungdom: novelle­samlinga Sumarvaria­sjonar og romanen På leit etter hjartet ditt.

Papir: Munken Cream 100 g
Fontar: Garamond Premier Pro 13/16, Garage Gothic
Grafisk design: Sven Ohrvik

Forsideillustrasjon: Shutterstock / Sven Ohrvik
Portrettfoto: privat


© Skriveakademiet 2026

ISBN 978-82-93636-77-9

Your price

Buy now