
Kva formar eit menneske?
Kva har du med deg frå dei som levde før deg?
Kva gjer oss til dei vi er?
Røter er ei varm, klok og sanseleg diktsamling om det vi ber med oss gjennom livet. Med livserfaren røyst diktar forfattaren fram det som ligg att i oss – i kropp, i minne og i det usagte mellom generasjonar.
I boka møter vi bestemødrer som bakte lefser og studerte skrifta og bestefedrar som ikkje sløste med orda. I det usagte låg likevel ei visse, slik det heiter i diktet «Bestefar»:
bestefar elska oss
– og Jesus,
men han maste ikkje om det,
det var ikkje naudsynt,
me visste det
det låg eit ljos rundt bestefar
lenge etter at
ljoset hans slokna
Med kvass penn og klårt blikk leitar forfattaren etter spor av jenta som ein gong var, og menneska som bar henne fram. Vi ber alle fortida med oss. Kva vel vi å ta med oss vidare?
Aslaug Tidemann, f. 1944, er født og oppvaksen i Egersund og bur i dag i Enebakk i Akershus. Ho er utdanna innan journalistikk og informasjon og dreiv i fleire år lokalavis i Enebakk.
Tidemann har tidlegare gitt ut to diktsamlingar: Sang til sorgløse og Heim. I 2023 kom romanen Ved foten av regnbuen og i 2025 erindringsboka Perler og gnagesteiner. En kjærlighetssang til hjembyen.
…
Trykk: LaserTrykk.no
Papir: Munken Cream 100 g
Fontar: Adobe Jenson Pro 14/16.8, Garage Gothic
Bokdesign: Sven Ohrvik
Forsideillustrasjon: iStock, ID 1317569069, credit: ChrisGorgio
Portrettfoto: privat
www.skriveakademiet.com
www.skrivekurs.no
© Skriveakademiet 2026
ISBN 978-82-93636-80-9
Materialet er verna etter åndsverklova.
Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre
tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor.
www.kopinor.no