Kva skjer med eit barn som skjøner at den vaksne heimen er farleg? Men så er det ingen som spør? Og ingen som ser?
Då Venke Guldis Pilskog var lita, skjedde det utenkjelege: Eks-kjærasten til mora drap ei ung jente i bygda. Venke og systera visste at noko var frykteleg gale. Men ingen vaksne tok grep. Boka ingen får lese er ei sann historie om å vekse opp i skuggen av ei valdshandling.
Forfattaren fortel om livet etter drapet, om barnepsykiatri og institusjonar, om skulebyte – og om kroppen som hugsar det hovudet prøver å gløyme.
Kva hender når ein endeleg prøver å sette ord på det som skjedde? Det ingen ville snakke om?
- - -
Venke Guldis Pilskog vaks opp på Digernes i Hovdebygda på 60- og 70-talet. Ho er utdanna sjukepleiar, men arbeider i dag som fotterapeut.
Boka ingen får lese er hennar første roman.
Forsidefoto: Privat Bokdesign: Sven Ohrvik ISBN: 978-82-93636-54-0