:

– Vinnar av konkurransen for beste barne- eller ungdomsbok på nynorsk 2026!

LIV-KARIN TRINBORG:
ALT DEI ANDRE IKKJE VEIT

Ei genial bok! Med denne vann Liv-Karin Trinborg Skriveakademiets konkurranse for beste barne- og ungdomsbok på nynorsk hausten 2026. 

Elevane på sjuande trinn ved ein liten bygdeskule har fått ei oppgåve: Dei skal halde eit føredrag om noko dei andre i klassen ikkje veit. 

Alle har hemmelegheiter, ingen er berre det dei andre ser. Men kva vel dei å fortelje?

• Kvifor står lyset på om nettene heime hos Frida? 
• Korleis skal Markus klare å halde skjult for dei andre at han er sengevætar når dei skal overnatte på skulen? 
• Kva skjedde i akebakken på Geithaugen for to år sidan? 
• Og kvifor dreg Helene kapsen langt nedover andletet og køyrer buss ut av bygda kvar tysdag? 

Alt dei andre ikkje veit handlar om tolv elevar som møtest på skulen kvar dag. Men kor mykje veit dei eigentleg om kvarandre?

Liv-Karin Trinborg kjem frå Ørje i Østfold og bur no på Skogn i Trøndelag. Ho har tidlegare gjeve ut romanen Til Afrika. Med Alt dei andre ikkje veit vann ho Skriveakademiets manuskonkurranse for beste barne- og ungdomsbok i 2026.

Bokdesign: Sven Ohrvik
Forside: Veslemøy Solberg 
Portrettfoto: privat

www.skriveakademiet.com
www.skrivekurs.no
ISBN 978-82-93636-83-0

Liv-Karin Trinborg er utgitt på Skriveakademiets forlag: www.skrivekurs.no