:

– Ei perle av ei barnebok frå ein prisbelønt forfattar!

JENNY ØDVEN SNILDAL:
VVS – VERDENS VERSTE SOMMAR

Ei spennande og velskriven ny barnebok! For den forrige barneboka – Det som tel – blei Jenny Ødven Snildal nominert til Bokslukarprisen. Både denne og VVS – verdens verste sommar er innkjøpt av Kulturrådet.

Alle andre skal på sommarferie.
Ella skal luke ugras og få ein veslebror.
Dette kjem til å bli verdens verste sommar!

Mens vennene er vekke, må Ella passe blomane i hagen til Kornelia. Kornelia er på omsorgssenteret for å trene seg opp att etter ein operasjon.

Når Iris flyttar inn i huset til Kornelia, blir sommaren endå verre. Ho er tanteungen til Kornelia, og dei vaksne seier ho er snill. Men Ella synest Iris er skummel. 

Det er noko som ikkje stemmer.

VVS – Verdens verste sommar – er ei spennande forteljing om hemmelegheiter, mot, og ein sommar Ella aldri kjem til å gløyme.

Jenny Ødven Snildal bur i Naustdal i Sunnfjord kommune. Ho har tidlegare gitt ut barneboka Det som tel på Skriveakademiets forlag. For den blei ho nominert til Bokslukarprisen. Ho har også gitt ut barnebøkene Bakanfor og Serafel. For den siste fekk ho Emmausprisen.

Bokdesign og ombrekking: Sven Ohrvik
Forsideillustrasjon: Idé og konsept: Veslemøy Solberg, grafiske elementer fra Shutterstock og Envato, bearbeidet i Adobe Photoshop av Sven Ohrvik Baksidefoto: Privat

Jenny Ødven Snildal er utgitt på Skriveakademiets forlag: www.skrivekurs.no