:

Tone Nilsen-Bie:
Fotball eller livet
Kor godt kjenner vi vennene våre?
Deler vi alt med dei som står oss nærast?
Og kven bestemmer kva som er sant?
I novellesamlinga Fotball eller livet møter vi menneske knytte til eit fotballag for jenter som går siste året på ungdomsskulen. Dei er mykje saman, både på og utanfor banen. Men likevel skjuler dei ting for kvarandre.
Novellene tek opp ulike tema – frå det å vere skeiv og redd for at andre skal få vite – til mobbing og trakassering, kjærleik, alkoholisme, falske skuldingar, svik og død.
Boka inneheld åtte noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Men dersom ein les alle tekstane kronologisk, finst her òg ei overordna historie. Som tittelen seier, handlar dette litt om fotball, men aller mest om livet.
Tone Nilsen-Bie har tidlegare gitt ut to bøker for ungdom: novellesamlinga Sumarvariasjonar og romanen På leit etter hjartet ditt. Ho har vunne fleire prisar.
Tone Nilsen-Bie er utgitt på Skriveakademiets forlag: www.skrivekurs.no
Yes, Please Send Me the [Lead Magnet Name] Today. For Free.
Enter your name, your best email address, and your phone number below, and I'll send it to you right away.
By entering your email and phone number you agree to receive relevant marketing messages. Opt out anytime.
Read our Privacy Policy