I 2023 fekk forfattaren Jon Fosse Nobelprisen i litteratur. For fyrste gong blei prisen gjeven til ein forfattar som skriv på nynorsk.
Skriveakademiet ynskjer å markere dette ved å utlyse ein konkurranse om beste barne- eller ungdomsbok på nynorsk.
Boka vil bli trykt og utgjeven av forlaget vårt, Skriveakademiet, som til no har gjeve ut over 50 bøker. Forfattaren får konkurransedyktig royalty. Med prisen fylgjer òg eit diplom og gratis medlemskap i Skriveakademiet i eit år.
Vi er ute etter manus i alle sjangrar, og har fokus på den gode historia. Tenk på det når du skriv: Kva vil du fortelje? Kva for historier synest du er interessante å lese?
Format og innsending:
Kvar deltakar kan sende inn maks. to bidrag. Bidraget/bidraga skal sendast på e-post til sven@skrivekurs.no med «Skriveakademiets pris for beste barne- eller ungdomsbok» i emnefeltet. Legg teksten/tekstane ved som eit dokument i kjent format: doc, docx, pages eller pdf.
E-posten må i tillegg innehalde det fulle navnet på forfattaren, i tillegg til adresse og mobilnummer.
Skriv òg ein kort tekst om deg sjølv og om kva boka handlar om, (maks. ei A4-side.)
VIKTIG: Lever teksten med god marg i skriftstørrelse 12, linjeavstand 1,5, og med font Times/Times New Roman, Garamond e.l.
Frist for innsending er 1. februar 2025.
Vi gler oss til å lese teksten din!
Helsing frå oss i Skriveakademiet :-)
PS: Vi har et lite forbehald om at vi må få inn manus med høg nok kvalitet for utgjeving.