:

KRISTIN SCHULERUD

Screenshot_20210713-173702__01

OM DIKTSAMLINGA SUITE. EG VIL DANSA DEG I MØTE: Kvar og ein av oss har si eiga stemme. Alle kan vi ta del i verda sitt «stemmekor.» I ein periode av livet med mykje smerte, vart det naudsynt å skriva. Orda blei til dikt, og nokre av dikta til musikk, (CD bak i boka.)

Dette er mi stemme til den som vil høyra. Lesaren vert invitert til å ta del i ein indre konsert der temaet er allmennmenneskeleg og handlar om tryggleik, det å bli sett og høyrt, å kjenna seg verdfull og å finna meining og håp. Krafta i den indre kjenslemessige synfonien kan til tider verta overveldande og sterk, slik at ein kan koma til å kapsla inne eigne kjensler. Livskvaliteten vert forringa, smerte og uro forsterka. Men det finst alltid ein veg ut i det fri.

Min suite har fire dansesatsar. Kvar dans, eller kvar livsfase, har sitt eige særpreg, sin eigen klangfarge. Møtet med menneska rundt, endring og tap av nære personar, har gjeve både glede og gjort ein sårbar. Smerte som følgje av tap og sorg ber ein alltid med seg som usynlege sår under huda. Mange som les og høyrer vil nok kjenna seg att, og eg håpar at fleire vil forstå meir. Kan hende vert håp og ei ny tru tent hos einkvan!


Diktsamlinga Suite. Eg vil dansa deg i møte + CD kostar kr. 185,– inkl. frakt og kan bestillast direkte frå 
Kristin Schulerud på mail: skrullerud@gmail.com
Du kan også sende sms til : 974 19 816. Vipps gjerne beløpet.

...

OM BOKA HENDER:
 Hovudpersonen i boka, Tuva, ser tilbake til det som var – for betre å forstå. Som lita jenter er Tuva lukkeleg i mor sin nærleik. Mor og dotter er hand i hand. I møte med utfordringar i kvardagen, blant anna mor sin sjukdom, vert nærleiken mellom dei to sett på prøve. Tuva freistar å hjelpa til, på samme tid som ho vil gjera seg mest mogleg usynleg for ikkje å uroa mor. Forholdet held fram med å vera vanskeleg. Dei to famlar seg fram, ynskjer nærleik, men har vanskar med å finna inn til einannan. 

Når livet til mor ebbar ut og ho døyr, kjenner dottera på stor sorg. Her er ein straum av menneskelege kjensler, men også ein vilja til innsikt, fornuft og forsoning. – Ei rørsle som søkjer fred. (Karin Bøe har illustrert boka.)


«I lengtande trav
spring fola mot ope lende
usynlege hinder kastar ho til jorda
samankrøkt rullar ho seg rundt før ho
tek ny fart og sparkar ifrå.»

Diktsamlinga Hender (episke dikt) kostar kr. 235,– inkl. frakt og kan bestillast direkte frå Kristin Schulerud på mail: skrullerud@gmail.com
Du kan også sende sms til : 974 19 816. Vipps gjerne beløpet.