:

SIV MERETHE AANNEVIK


OM BOKA:
Korleis er det å ha fosterbarn i hus? Kva treng fosterbarna?
Og korleis kan barn og vaksne saman skape ein kvardag fylt av verdi og glede?

I denne boka gir Siv Merethe Aannevik deg unik kunnskap om å arbeide med fosterbarn. Forfattaren deler historier frå eige liv, og frå hendingar med fosterbarn som har sett spor. Ho skriv om utfordringar ho har møtt, men òg om alle dei fine stundene: frå det å skape tryggleik – til å trene og vere i aktivitet saman med borna.
      I boka finn du i tillegg fagstoff om barn og barnevern. Kva seier for eksempel nyare forskning om barn og skjermbruk? Og korleis kan vaksne og barn arbeide saman om dette til barnets beste?

Aannevik er oppteken av at ungar treng trygge vaksne, fysisk aktivitet og glede. Ho er særleg inspirert av sosiologen Aaron Antonovsky, som har utvikla teorien om salutogen tilnærming. Antonovsky legg blant anna vekt på at tilværet for barn må gje meining og vere helserikt.

Kanskje kunne du sjølv tenke deg å ta imot eit fosterbarn? Men så kjenner du at du treng meir kunnskap? Eller kanskje arbeider du innan skule eller barnevern, og har lyst til å lese meir om korleis det er å ha fosterbarn i hus? Da er denne boka for deg.

...

Siv Merethe Aannevik er lektor og har tidlegare arbeidd som rådgjevar i skuleverket. Familien har hatt fosterbarn sidan 2006. Annevik har tidlegare gitt ut noveller og fagtekster i tidsskrift og antologiar. Med vind i håret. Korleis lykkast med fosterbarn?
er hennar fyrste bok.

Boka koster kr. 379 inkl. frakt og kan bestilles direkte fra
Siv Merethe Aannevik på mail: siv.aannevik@gmail.com

Du kan også sende sms til : 901 87 669. Vipps gjerne beløpet.