Jenny Ødven Snildal vann Skriveakademiets manuskonkurranse i 2024 med den fantastiske barneboka Det som tel. No kan du sikre deg boka fraktfritt!
Boka blei kjøpt inn av Kulturrådets Innkjøpsordning i 2024. I år er Det som tel nominert til Bokslukerprisen!
«Ei fantastisk spennande bok om venskap, og om å velje det ein trur er rett.» Vårin er én av mange elever som har anmeldt vårens bøker. Hun gir Det som tel terningkast 6+
Jenny Ødven Snildal er oppvaksen på Sandane. Ho har tidlegare gjeve ut barnebøkene Bakanfor og Serafel. For den siste fekk ho Emmausprisen.
Bokdesign og ombrekking: Sven Ohrvik Trykk: LaserTrykk.no
Sivert har ikkje ein einaste ven. Han lespar og er blant dei minste i sjuande klasse. Og så har han ei syster med Downs syndrom.
Ein dag byrjar det ein ny gut på skulen. Han heiter Petter og blir besteven med Sivert. Men han finn også på ting som ikkje er heilt lovlege, og som set Sivert sitt liv i fare.
Kva gøymer seg bak den tøffe maska til Petter?
Korleis skal Sivert kome seg ut av alt det skumle han viklar seg inn i?
Og kva med pappa? Kvifor oppfører han seg så rart?